torsdag 22. april 2010

Life is a beach…

I skrivande stund sit eg på altanen utanfor bungalowen vår på Sunset bungalows på Kendwa som ligg på nordspissen av Zanzibar. Eliane er på veg tilbake til syskenflokken og resten av systrene vekslar mellom soling og bading på stranda. Det herskar liten tvil om at vi har harde dagar på Zanzibar. Om morgonen må vi kle oss i bikini og kanga og vandra ned til restauranten for å eta frukost, og vi får ikkje ein gong laga den sjølv. For det andre er det litt slitsamt at det heng ein gul lampe på himmelen som skin skarpt og varmar heile dagen. Slitsamt er det òg at vatnet er så klart at ein får sjå botnen heile tida, den turkise fargen er vel òg litt irriterande i lengda. Ekkelt er det òg at ein fullstendig ufrivillig skiftar ham, og får ein merkeleg farge på huda. Vi er litt usikre på kva det er, men reknar med at vi vil overleva dei neste dagane.

Silje, Tone, Hildegunn og Christina tok som nemnt turen sørover for å sjå kva steinbyen hadde å by på. Systrene har vorte så vane med å telja til sju at det å plutseleg skulle telja til berre 4 vart ei utfordring, og stadig var det ein eller fleire av oss som lurte på kvar resten av ”flokken” var. Etter eit par dagar betra situasjonen seg noko då vi fekk besøk av Kristin og kunne telja til fem.

I Stone Town fekk vi for alvor sjå kva turismen gjer med prisar på ulike varer, der dei er tre- til firedobla samanlikna med Moshi. Og kva vil det sei? Jo, systrene må byrje å prute. Litt vanskeleg til å byrje med, men etter eit par-tre forsøk vart heile gjengen resarar i priskriging. Silje pruta til seg eit par øyredobbar ho eigentleg ikkje ville ha, men måtte sjølvsagt kjøpa dei sidan ho fekk prisen ned frå 10.000 til 2000 shilling. Christina hadde ein liknande episode med eit oljemaleri og ein butikkeigar kom springande etter Hildegunn med ein solkrem han likevel ville selja henne for prisen ho ville gje. Tone tok i bruk noko uortodokse kjøpsmetodar då ho fekk lurt til seg ei bukse med prislapp 18.000 til 10.000. Vi nær småsprang ut av den travle handlegata då Tone vart redd for represaliar frå kjøpmannen dersom han forsto at han hadde vorte ført bak lyset. Med litt dårleg samvit nekta ho å ta buksa i bruk før vi var komne langt vekk frå byen…

Siste dagen i Stone Town reiste vi til ein krydderfarm og fekk sjå korleis ulike krydder og ein del fruktsortar vert dyrka. Vi fekk smake og lukte på kanel, nellik, gurkemeie, kardemomme, pepar, karri, ylang-ylang, kakao, chilli, muskatnøtt, sitrongras, vanilje, appelsin, stjernefrukt, grapefrukt, ananas, samt nokre sortar underteikna ikkje hugsar namnet på. Det var ein spennande tur og samtlege av oss fekk tredd på ringar og ulike smykke laga av palmeblad, som vi kunne få lov til å betala ”ein symbolsk sum” for i etterkant.

Vi fekk også sjå ei grotte som tidlegare vart brukt til oppbevaring og smugling av slavar. Guiden vi hadde med snakka på både inn- og utpust, så det var ikkje veldig lett å få med seg kva han eigentleg ville formidla.

Vi likar å sjå på oss sjølve som ei særdeles lite fisefin syskenflokk, men kjende eit stigande ynskje om luksus då vi kom til Matemwe. Etter ein times køyring kom vi fram til Muhammed’s Restaurant and Bungalows(også her var vi resarar på prutinga), vi fekk to bungalowar med sittedo, men utan doring og syntest i grunn det ikkje var så verst, heilt fram til vi åt lunsj på eit hotell like ved. Augo vart store som tinntallerkar og haka seig ned nokre hakk. Under det høge stråtaket var det eit stort basseng fylt til randa av krystallklart, blått vatn. På plassen rundt var det flotte solsenger og parasollar og det heile var ramma inn av grøn plen, kokospalmer og utsikt mot kvit strand og blå himmel.

Vi åt lunsjen vår medan vi diskuterte om det var mogeleg å spandera på oss ei natt, men kom til slutt fram til at lommeboka hadde det best hos Muhammed. Det at toalettet på Azanzi var flottare enn dei fleste restaurantar vi hadde vore på og at bungalowane hadde eigne boblebad berre understreka at dette ikkje var staden for norske sjukepleiarstudentar.

Ideelt sett ynskte vi å sjå litt anna enn nordspissen av Zanzibar, men då det ikkje var så lett å bada på dagtid på Matemwe, og det å finna ein ny stad å reisa til ville medføra at vi reiste i motsett retning av målet, for vi nordover til Kendwa etter berre ei natt på Matemwe.
No slit vi som nemnt over med turkist, krystallklart vatn, kvit sand og sola som steiker. Det er hardt å vera utvekslingsstudentar i Afrika!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar